Kva er Round Table?
Round Table Norge er ei samanslutning av lokalklubbar i Noreg.
Føremålet er å bringe saman unge menn frå ulike yrke for gjennom
samarbeid og venskap å auke kunnskap og forståing.
Organisasjonen skal òg fremje betre forståing for samfunnet og
den einskilde si rolle i dette, og bidra til internasjonal
forståing og venskap.
Round Table Norge
Round Table er ein organisasjon for menn i alderen 20-40 år. Vi
er politisk og religiøst uavhengige, og ønskjer ei brei
samansetjing av medlemmar på tvers av yrkesgrupper, økonomisk
bakgrunn og kulturell bakgrunn.
Les meir om Round Table Norge
Kven er det for?
Round Table er for deg som ønskjer å utvide nettverket ditt og
bli kjend med menneske du elles kanskje ikkje ville møtt.
Vi seier ofte at dei fleste har tre bein å stå på i livet:
familie, vener og jobb. Round Table kan bli eit fjerde bein.
Gjennom møte med ulike personlegdomar, yrke og erfaringar får
ein eit breiare perspektiv, blir betre kjend med samfunnet vi
lever i, og får større forståing for korleis ting heng saman.